Samandrag frå årsmøtet 2025
Eit godt årsmøte på Langevåg!
70 medlemmar, som representerte 82 stemmer, møtte opp på Finnås Kraftlag sitt årsmøte i Langevåg Bygdatun. Årsmøtet handsama dei ordinære årsmøtesakene. I tillegg vart vedtektsendring for å mogleggjera etablering av nettutbyggingsfond vedteken etter andre gongs handsaming, med 81 stemmer for og 1 blank. Det vart også vedteke å avsette 24,5 million kroner til kjøpsutbytte, 5 millionar til nettutbyggingsfond samt dele ut 2,8 millionar kroner i allmennyttige gåver.
Ungdomsstipend 2025
Ungdomsstipendet for 2025 vart tildelt den talentfulle fotballspelaren Heidi Steinsbø Halbmayr. Halbmayr har proffkontrakt med Brann og var med på U17-landslaget som spelte seg heilt fram til finalen i EM. Ho hadde ikkje høve til å vere til stades på årsmøtet, men sende ei hyggeleg videohelsing der ho takka så mykje for stipendet og tilliten.
Styret fekk fornya tillit
Det vart gjennomført val av styremedlemmar og styreleiar. I tråd med innstillinga frå valnemnda vart Torleiv Fylkesnes, Nina Ingvaldsen og Geir Ivar Ådnanes attvalde som styremedlemmar. Fylkesnes vart òg attvald som styreleiar. Varamedlemmene Øystein Våge, Malin Ölander Rolfsnes og Aud Gunn Løklingholm vart også attvalde.
Attval i valnemda
Oddgeir Alvsvåg og Janicke Gjerdevik var på val. Alvsvåg og Gjerdevik vart attvalde i tråd med styret si innstilling. Oddgeir Alvsvåg vart attvald som leiar av valnemnda.
Disponering av årsoverskot
Rekneskap og årsmelding vart godkjende. Årsmøtet vedtok følgjande disponering av årsresultatet på kr 75 389 715,-
Vedtektsendring og avsetjing til nettutbyggingsfond
Vedtektsendringa som gjer det mogleg å setje av midlar til eit nettutbyggingsfond, vart samrøystes vedteken (81 stemmer for, 1 blank). Oppdaterte vedtekter ligg tilgjengelege på heimesida vår. Retningslinjene for nettutbyggingsfondet vart også vedtekne i tråd med styret sitt framlegg, og det vart vedteke å setje av 5 millionar kroner til fondet.
Tilbakemelding frå eigarane
Etter at den formelle delen av årsmøtet var avslutta, vart det – som tidlegare år – gjennomført ein open sesjon der medlemmane kunne kome med tilbakemeldingar, både ros og ris, samt innspel til styret og administrasjonen. Det var gledeleg å sjå at mange tok ordet. Alle innspela vart notert og vert tekne med i det vidare arbeidet.
Takk for oppmøtet
Styreleiaren avslutta møtet med å takka for godt oppmøte og for det gode vertskapet frå Langevåg Bygdatun.
Fullstendig referat frå årsmøtet vert lagt ut på heimesida når det er godkjent.