Standard solcellepanel

Standard solcellepanel

Fordel:

Dette er den rimelegaste løysinga og den er enklare å montere på eksisterande tak der det allereie ligg takstein. Panela vert montert på aluminiumsskinner som er festa i undertaket. Panela vert liggande over eksisterande takpanner og får god lufting. Dette er positivt med tanke på lufting av undertak, kjøling av panela og maksimal produksjon. Ved å bruke denne løysinga kan ein og ta i bruk panela med høgast effekt (opp til 505Wp). Det er med andre ord denne løysinga som gir mest energi for pengane.

Ulempe:

Nokon meiner og at ein slik installasjon ikkje er like fin/estetisk som integrerte løysingar.
Fuglar kan etablerer reir i underkant av panela. (Helst på flate tak og tak der det ikkje vil renne vatn under panela).
Kan legge seg lauv og rusk under panela.
Vanskeleg å skifte taktekke etter montasje.
Ein kan ikkje trø på panela.

Bygningsintegrerte panel:

Integrerte solcellepanel

Integrert solcelleanlegg

Fordel:

Smekrare installasjon
Enklare å skifte taktekke i ettertid
Fuglar etablerer ikkje reir eller liknande i tilknyting til panela.

Ulempe:

Dårlegare kjøling og derav litt lågare effekt og produksjon.
Litt meir kostbart/tidkrevjande installasjon og dyrare festemateriell. (Kunde må sjølv fjerna takpanner på førehand, eventuelt kan ein betale ekstra for denne tenesta.) 
Ein skal ikkje trø på panela.
Kan påverke luftinga av undertaket dersom ein har for små lekter.

Bygningsintegrerte solcelletakstein:

Integrert takstein

Fordel:

Vakkert og kan utnytte heile takflata og eventuelt veggflater.
Finnes blindpanel som gjer at ein kan få lik utsjånad over heile taket sjølv om det ikkje er brukt solcellefunksjon på eksempelvis skyggesida.
Ein kan trø på panela/taket.
Fleire variantar og leverandørar som gjer at ein kan tilpasse utsjånad til resten av bygningsmassen. Arkitekten og den kresne kunden sitt førsteval.

Ulempe:

Kostbart og meir tidkrevjande installasjon. Nokon modellar krev eksempelvis dobbel lekting.