Solceller på skrå tak

Solceller på eit skrått, sørvendt tak vil væra aller mest effektivt, men kun midt på dagen. Monterast solcellene på eit tak som skrår mot aust og vest, får ein jamnare solenergiproduksjon gjennom dagen. Eit sørvendt tak treng ein større og meir kostbar vekselretter som skal takle den høge makseffekten midt på dagen, medan ein øst/vest-konfigurasjon ikkje vil ha tilsvarende produksjonstopp og dirfor kan nytte ein mindre og rimelegere vekselrettar. For å kunne bruke maksimalt av eigen produksjon anbefaler med ein aust/vest konfigurasjon. Då vil anlegget produsere litt tidlegare på dagen (kan dekke varmtvassberedaren etter morgondusjen) og litt lenger på ettermiddagen (dekke straumbehovet til middagslaging og oppvask). Eit reint sørvendt anlegg vil kanskje produsere mest når ein er på jobb og ikkje kan bruke straumen ein produserer sjølv.

Vår underleverandør sine ingeniørar bereknar dette i prosjekteringa slik at du får eit optimalt og trygt anlegg som passar dine behov der det er tatt omsyn til både taket sin konstruksjon, snølast og vindlast.