Anbefalte panel levert av Finnås kraftlag:

Premium Longi 410Wp svart panel (Både utanpåliggande og integrert)

Solcellepanel

Performence Longi 430 og 435Wp svart panel (Både utanpåliggande og integrert)

Solcellepanel

Economy 505Wp Longi (Driftsbyningar, falate tak og tak som ikkje er så godt synlege)

 

Integrert takløysing:
GSE Portrait frame

Integrert løysing

Vekselrettar:

Vekselrettar

Alle solcelleanlegg må ha ein vekselrettar (konvertar/invertar) som omformar likespeninga frå solcellepanela til vekselstraum tilpassa nettspenninga. Vekselrettaren blir tilpassa anlegget og vil oftast vera av type INVT. Det er denne vekselrettaren som leverer data til APPen slik at ein kan sjå kor mykje straum anlegget produserar til ei kvar tid. I APPen kan ein og sjå historiske data. Ved høg last vil vekselrettaren gi frå seg noko lyd. Det kan difor vera smart å tenkje gjennom kvar ein plasserer vekselrettaren. Vekselrettaren er og relativt stor i fysiske mål. Me ynskjer normalt at den står utandørs, men den kan monterast innvendig på ei yttervegg. I utsette strøk bør ein plassere inverteren i le for saltråk.

Avhengig av størrelsen på solcelleanlegget, vert det stilt krav om bruk av trefase vekselrettar. Ein trefase vekselrettar fordelar produksjonen på alle tre fasane og gjer at ein utnyttar straumnettet på ein betre måte til fordel både for deg som kunde, men og nettselskapet og dei i nærleiken av anlegget. Om installasjonen ikkje allereie har trefase fordeling, må anlegget byggast om og ny trefase straummålar monterast.

Sikkerhetsbrytar

Sikkerhetsbrytar

Det er krav om utvendig sikkerhetsbrytar dersom invertaren står innvendig. Denne skal sikre at eksempelvis brannvesenet kan kople frå anlegget frå utsida av bygninga. Brytaren skal kunne skilje solcellepanela frå det elektriske anlegget. Det er og eit krav at DC kabelframføringa mellom solpanela og vekselrettaren skal vera tilgjengeleg og ikkje vera ført fram i skjulte røyr. Vår leverandør anbefaler å montere vekselrettar utandørs så ein slepp å bruke sikkerhetsbrytar. Brytaren tilfører eit koplingspunkt på DC straumen og kan vera ei unødvendig kjelde til feil på anlegget.